From Wikipedia, the free encyclopedia
Rantis (arabisk رنتيس) er ein palestinsk by på Vestbreidda, nordvest i Ramallah og al-Bireh guvernement, 33 kilometer nordvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 2 900 i 2006.[1]
Rantis | |||
رنتيس, Rantes | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 32°01′41″N 35°01′10″E | ||
Areal | 11,0 km² | ||
Folketal | 2 900 (2006) | ||
Folketettleik | 264 / km² | ||
Rantis 32.02805556°N 35.01944444°E | |||
Kart som viser Rantis.
| |||
Wikimedia Commons: Rantis | |||
Alle Evangelia nemner denne byen, Arimatea, ein gong, og alltid i tilknyting til Josef frå Arimatea — som plasserte lekamen til Kristus i si eiga grav.[2] Både Eusebius og Jerome identifiserer Arimatea som fødestaden til Samuel. På 300-talet rapporterte Jerome at Den heilage Paula vitja denne staden. Sterke tradisjonar frå mellomalderen stadfestar denne påstanden, som feira byen som heimstaden til profeten. Eit kloster for Josef av Arimatea vart reist der. Ein annan tradisjon plasserer Arimatea ved Rantis, aust for Jaffa. Andre stader som er føreslått er ar-Ram og al-Bireh-Ramallah, nord for Jerusalem.[3]
Byen vart annektert av Jordan i 1950 etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Den 28–29. januar 1953 kryssa israelske forsvarsstyrkar grensa med 120 til 150 mann og gjekk til åtak på dei jordanske landsbyane Falameh og Rantis. I Falameh vart mukhtaren drepen, og sju andre landsbybuarar skadde, medan tre hus vart øydelagde. Åtaket vart fire og ein halv time og vart fordømt av Våpenkvilekommisjonen.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.