Reinsnos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Reinsnos er ei fjellgrend i Ullensvang kommune i Vestland.
Reinsnos | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Postnummer | 5763 SKARE | ||
Reinsnos 59.972°N 6.723°E / 59.972; 6.723 |
Ved den kjende Låtefossen i Oddadalen går eit dalføre austetter og inn i Hardangervidda. Gjennom det vide og skogkledde landskapet renn Austdølo. Elva kjem frå det store Reinsnosvatnet (597 moh) om lag seks km oppe i dalen. Frå Vassenden strekkjer vatnet seg nye fem km inn gjennom dalføret. Her ligg fjellgardane Reinsnos.
I enden av Ljosavatnet i Reinsnos ligg Foss. Her står ein bautasteinen, kjend som «Mælesteinen». Om lag 20 meter frå steinen kan ein sjå omrisset av eit to-roms hus. Under "landnåmstida" i yngre jarnalder har truleg folk teke Foss i bruk. Foss ligg sørvend og er einaste staden i Reinsnos der sola skin heile året. Her er parti med sjølvdrenerande jordsmonn - veleigna til kornavl. Foss er drivande - og under siste verdskrigen nytta Olav L. Reinsnos Foss til tobakksplantene sine. Han fekk også "tidleg-potet" på Foss.
Lenge vart Foss nytta som utslåtte av folket i Reinsnos. [treng kjelde]