![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/53/Renee_Colliard_Cortina_1956.jpg/640px-Renee_Colliard_Cortina_1956.jpg&w=640&q=50)
Renée Colliard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Renée Colliard (24. desember 1933–15. desember 2022) var ein sveitsisk skirennar og apotekar. Colliard, som var frå Genève, vart olympiameister i slalåm i 1956.
Renée Colliard | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 24. desember 1933 Genève |
Død |
15. desember 2022 (88 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i |
alpine skiing at the 1956 Winter Olympics – ladies' slalom |
Colliard kvalifiserte seg til den sveitsiske OL-troppen 1956 med ein andreplass i eit renn i Grindelwald, kort før leikane tok til. I den olympiske tevlinga i Cortina d'Ampezzo overraska ho alle med å gå heilt til topps. Med startnummer 1 rann ho fortast av samtlege deltakarar i begge omgangane, og sikra seg gullmedaljen i slalåmtevlinga. Med tida 1.52,3 var ho heile 3,1 sekundar føre sølvvinnaren Regina Schöpf frå Austerrike.
I 1960 gifta Colliard seg og slo seg ned i Montana i kantonen Valais som apotekar.