britisk rockemusikar og multi-instrumentalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Richard Roman «Ric» Grech (1. november 1946–17. mars 1990) var ein britisk rockemusikar og multi-instrumentalist.
Ric Grech | |||
Rick Grech (1969) | |||
Fødd | 1. november 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bordeaux i Frankrike | ||
Død | 17. mars 1990 (43 år) | ||
Dødsstad | Leicester | ||
Fødenamn | Richard Roman Grechko | ||
Alias | Rick Grech | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1965–1977 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | bassgitar, fiolin, bratsj, cello | ||
Tilknytte artistar | Family, Blind Faith, Ginger Baker's Air Force, Traffic, KGB, Gram Parsons, The Crickets | ||
Verka som | Musikar |
Grech vart kjend i Storbritannia som bassgitarist i den progressive rockegruppa Family. Han vart med i bandet medan det stort sett var eit bluesband i Leicester kalla The Farinas. Våren 1969 trengde den tidlegare Cream gitaristen Eric Clapton og den tidlegare Traffic-frontmannen Steve Winwood ein bassist til supergruppa Blind Faith og valde Grech. Grech fortalte ikkje dette til Chapman og Whitney i Family før kvelden dei skulle spele Fillmore East i USA.[1] Attende i England spelte Grech på debutalbumet til Blind Faith med Clapton, Winwood og trommeslagaren Ginger Baker. Dei spelte berre inn dette albumet. Grech og Winwood vart verande med Baker og skipa Ginger Baker's Air Force, ei supergruppe med Denny Laine (tidlegare i Moody Blues) på gitar, Chris Wood (tidlegare Traffic) på saksofon og fløyte, og fleire andre musikarar. Då denne gruppa vart nedlagd, skipa Winwood Traffic igjen med Wood og Jim Capaldi, og Grech vart med dei som bassist. Han spelte på to album med dei, før dei måtte gje han sparken på grunn av dop-problem.
Grech vart verande aktiv som studiomusikar og spelte med Rod Stewart, Ronnie Lane, Vivian Stanshall, Muddy Waters, Rosetta Hightower, The Crickets, Bee Gees og Gram Parsons. I 1973 gav han ut det einaste albumet under sitt eige namn, kalla The Last Five Years. Det inneheld songar Grech skreiv og spelte inn med Family, Blind Faith, Traffic, Ginger Baker's Airforce og andre mellom 1968 og 1973.
I 1974 vart Grech med i bandet KGB med Mike Bloomfield, Carmine Appice, Barry Goldberg og Ray Kennedy. Dei gav ut eitt album.
Grech trekte seg frå musikken i 1977 og flytta til Leicester, der han visstnok vart teppeseljar. I 1990 døydde han nyresvikt, 43 år gammal, som følgje av alkoholisme.[2][3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.