From Wikipedia, the free encyclopedia
Rocky Mountains er ei brei fjellrekkje i dei vestelege områda av Nord-Amerika. Ho strekkjer seg meir enn 4800 km frå dei nordlegaste områda av British Columbia i Canada til New Mexico i USA. Den høgaste toppen er Mount Elbert i Colorado på 4 401 m. Mount Robson i British Columbia er med sine 3 954 m den høgaste toppen i den kanadiske delen av fjellrekkja.
Rocky Mountains | |||
fjell | |||
Rocky Mountains 44.5°N 113.5°W | |||
| |||
Wikimedia Commons: Rocky Mountains | |||
Rocky Mountains er definert til å strekkje seg frå Liard River i British Columbia til Rio Grande i New Mexico. Andre fjellrekkjer strekkjer seg vidare frå desse to elvene, Selwyn Range i Yukon, Brooks Range i Alaska, og Sierra Madre i Mexico. Desse er ikkje ein del av Rocky Mountains, men er ein del av den amerikanske kordilleren. I USA vert derimot Cabinetfjella og Salishfjella i Idaho og Montana rekna som ein del av fjellkjeda, medan den kanadiske delen av desse fjella vert rekna som eit anna system i Canada.
Alle formene av vatn har vore med på å forme det noverande landskapet i Rocky Mountains. Snøsmelting og smeltevatn frå isbrear gjev vatn til elvane og innsjøpane rundt fjellkjeda, som utgjer om lag ein fjerdel av alle vasskjeldene i USA. Elvene som strøymer ut frå Rocky Mountains renn til slutt ut i tre av verdshava: Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Desse elvene er:
Det kontinentale vasskillet ligg i Rocky Mountains, og er ei linje der vatnet anten strøymer ut i Atlanterhavet eller Stillehavet. Triple Divide Peak (2 444 m) i Montana har fått dette namnet fordi nedbøren som fell på fjellet renn ut i både Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.