Romsdaling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke — det vil seie i romsdalskommunane med unntak av eldre mål på Eidsøra og lengst nord på Hustad. Dialekten har mykje felles med trøndsk, nordaustlandsk og sørleg nordnorsk i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstaņņ, skåłiņņ); og dessutan i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). I ordskatten heng romsdaling i alt vesentleg saman med trøndsk.[1] Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene endar på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)). Frå nabodialekten nordmøring skil romsdaling seg særleg ut ved hyppig svekking av -a (og stundom -o) til -e, ved lange former i historiske -ja-infinitivar og ved fleire regelrette presensformer (gjęng, stęnn) der nordmøring (og eikesdaling og moldedialekt) har nyare former (går, står).
- Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå Romsdalingar.