Rupert Grint
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rupert Alexander Grint (fødd 24. august 1988) er ein britisk skodespelar, mest kjend for å spele Ronny Wiltersen i Harry Potter-serien.
Kjappe fakta
Rupert Grint | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 24. august 1988 (35 år) Harlow |
Yrke | skodespelar, filmskodespelar, barneskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar |
Språk | engelsk |
Høgd | 173 centimeter |
Partnar | Georgia Groome |
Rupert Grint på Commons |
Close
Rupert Grint voks opp i Hertfordshire i England, som den eldste av fem sysken. Han hadde ikkje noka erfaring som skodespelar før han vart utvald til å vere med i filmen Harry Potter og De vises stein i 2001. Sidan har han spelt i rolla som Ronny Wiltersen i alle åtte Harry Potter-filmane frå 2001 - 2011 saman med Daniel Radcliffe som Harry Potter og Emma Watson som Hermine Grang.
Ved sida av Harry Potter-filmane har Grint spelt i fleire andre spelefilmar, m.a. krigsdramaet Into the White frå 2012.