Rusmiddelet cannabis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cannabis er eitt av dei mest brukte rusmidla i verda, og har stor utbreiing som tradisjonelt lækjemiddel. Som rusmiddel er det berre koffein, alkohol og nikotin som er meir brukt. Nemninga vert nytta om rusmiddel som vert framstilte av hamp, på latin Cannabis sativa. Dei vanlegaste formene av cannabis er hasjisj og marihuana. Det finst òg cannabisolje. Ordet cannabis kjem gjennom latin frå gresk kannabis – hamp.
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Planta har gjennom lange tider vore nytta til tau, klede og andre føremål. Slekta Cannabis er truleg berre ein art, med fleire identifiserte varietetar.