Røldal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Røldal er ei fjellbygd og ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Røldal var tidlegare eigen kommune, men vart i 1964 ihopslegen med Odda kommune. Seinare, frå år 2020, vart Odda og Ullensvang slegen saman og Røldal er no i Ullensvang kommune. Røldal er òg eit kyrkjesokn.
Røldal | |||
tettstad | |||
Utsikt utover Røldal og Røldalsvatnet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Areal | 0,67 km² | ||
Folketal | 306 (2023) | ||
Folketettleik | 457 / km² | ||
Postnummer | 5760 RØLDAL | ||
Innbyggjarnamn | røldøl | ||
Preposisjon | i Røldal | ||
Røldal 59.816666666667°N 6.8°E / 59.816666666667; 6.8 | |||
Wikimedia Commons: Røldal | |||
Tettstaden ligg ved nordenden av Røldalsvatnet (380 m.o.h.). Røldal ligg nær skiljet mellom Vest- og Austlandet, og grensar til Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark. Frå Røldal er det om lag 28 kilometers køyring til Nesflaten i Suldal og knappe 75 kilometer til Sand i Suldal, ein køyrer då riksveg 13. Riksveg 520, som har vinterstenging, går til Sauda, medan Europaveg 134 går til Odda by i nordvest og austover til Telemark over Haukelifjell. Det er 42 km til kommunesenteret i Odda, medan det er 56 kilometer til Haukeligrend i Vinje.
I Hordadalen ligg Røldal skisenter som er kjent for å vera eit av dei mest snøfylte sentra i Noreg. Røldal er òg ein kjend innfallsvinkel til Hardangervidda.