Sør Arena
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjappe fakta Historiske årstal ...
Sør Arena | |||||
Adresse | Stadionveien 21, 4632 Kristiansand | ||||
Eigar | Sparebanken Sør / Start | ||||
Drift | Start | ||||
Brukarar | Start | ||||
Underlag | Kunstgras | ||||
Kapasitet | 14 300 evt 11 700 | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Close
Sør Arena er heimebana til Start i Torsvika på Lundsiden i Kristiansand Agder. Ved fotballkampar er det mogeleg å ha ein tilskodarkapasitet på 14 300, alle under tak. Frå sesongen 2011 er kapasiteten skore ned til ca. 11 700.
Stadionet opna med kamp mot Viking 15. april 2007. Stefan Bärlin misbrukte sjansen til å bli første målscorar da han brann eit straffespark etter 10 minutt, i staden vart det Vikings Søren Berg som fekk denne æra, medan Ygor Santiago vart den første målskåraren til Start på den nye heimebanen. 14 448 tilskodarar såg oppgjeret, ein rekord som vil komme til å stå ein stund då kapasiteten seinare er blitt redusert.
Arenanamnet er sponsorbestemt, og har samanheng med eit sponsorat frå Sparebanken Sør.