Sørishavsstraumen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørishavsstraumen, òg kalla Den antarktiske sirkumpolare straumen eller Sørpolstraumen, er ein havstraum som flyt frå vest til aust kring Antarktis. Han er ein kraftig straum av kaldt vatn i Sørishavet. Straumretninga kjem av at vinden her bles frå vest mot aust, og han vert derfor òg kalla Vestavindsdriften eller Vestavindsstraumen.
Straumen er djup og brei. Sjølv om straumsnøggleiken ikkje er så stor, omkring 0,1 m/s eller mindre, er vasstransporten stor. Med ei vassføring på om lag 125 Sverdrup er han den største havstraumen i verda.[1] Gjennom Drakesundet, som skil Sør-Amerika frå Antarktika, vert det transportert meir enn tre gonger så mykje vatn per tidseining som i Golfstraumen utanfor austkysten av USA. Han held varmt vatn borte frå Antarktis og gjer at kontinentet kan oppretthalde den store innlandsisen.
Klipperruta, som er den raskaste sjøvegen i verda, følgjer straumen rundt tre kontinentale kapp eller nes - Kapp det gode håp (Afrika), Southeast Cape (Australia) og Kapp Horn (Sør-Amerika).