Sander Sanderson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sander Sanderson (ca. 1550–1636) var ein skotte som slog seg ned i Hallingdal og vart skrivar og bondehovding der. Han var bufast i Hallingdal frå om lag 1590.
Sander var truleg fødd i Skottland, og kom til Noreg seint på 1500-talet. Det er mogleg han var utdanna i Danmark. Nokon meiner han og faren rømde frå Skottland i tida då Maria Stuart rådde, men det var omfattande uro i Skottland jamvel før Maria kom til makta.
Sander skal ha funne seg gifte i Hesjedalen, og var å finne i Hallingdal etter 1590. Her vart han kongeleg skrivar, og hadde omdøme som ein etterretteleg og skrivefør kar. Med tida slog han til seg fleire gardar, både i Hallingdal og i Sigdal, og vart bufast på garden Røo i Hol, der ætta etter han sat i mange ættledd. Sander døydde i Sigdal i 1636. Sonen Tomas Sanderson Røo tok over garden, og sidan sat ættmennene med namna Sander og Tomas annakvar gong. Sander Røo er truleg den mest kjende på den rake mannslina.