Siple Coast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Siple Coast (82°0′S 155°0′W) er den midtre delen av den heller dårleg definerte kysten langs austsida av Ross isbrem, mellom nordenden av Gould Coast (83°30′S 153°00′W) og sørenden av Shirase Coast (80°10′S 151°00′W). Området heitte opphavleg Kirton Coast, men fekk nytt namn av NZ-APC i 1961 kalla opp etter Paul A. Siple, ein kjend amerikansk polarforskar som var med kontreadmiral Richard E. Byrd på alle antarktisekspedisjonane hans.