Sistema Central
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sistema Central er ei fjellkjede på Den iberiske halvøya og ein av dei mest dominerande delane av det iberiske platået (Meseta Central). Fjellkjeda deler platået i to delar. Sistema Central går frå aust til vest, stort sett langs den sørlege grensa til den autonome regionen Castilla y León og inn i Portugal.
Fjella består av fleire mindre fjellkjeder, som Sierra de Guadarrama som går om lag langs grensa mellom Madrid og Castilla y León, og Sierra de Gredos nord for grensa mellom Castilla y León og Castilla-La Mancha og inn i Extremadura. I sistnemnde ligg det høgaste fjellet i systemet, Pico Almanzor på 2592 meter over havet.
Av andre fjellkjeder i Sistema Central finn ein Sierra de Ayllón, Sierra de Ávila, Sierra de la Paramera, Sierra de Candelario, Sierra de Francia, Sierra de Gata og Serra da Estrela i Portugal.