Skedsmo kommune
tidlegare kommune i Akershus fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skedsmo var ein norsk kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa mot Nittedal, Gjerdrum og Ullensaker i nord, Sørum og Fet i aust, Rælingen og Lørenskog i sør og mot Oslo kommune i vest.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Skedsmo kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Lillestrøm | ||
Areal | 77 km² | ||
- vatn | 0,459964039643886 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ole J. Flæten (Ap) | ||
Kommunenr. | 0231 | ||
Skedsmo kommune 59.982777777778°N 11.046388888889°E / 59.982777777778; 11.046388888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Skedsmo | |||
Nettstad: www.skedsmo.kommune.no | |||
Lukk
I Skedsmo fann ein byen Lillestrøm. Andre større stader i kommunen var Skjetten, Strømmen, Skedsmokorset og Kjeller. Alle desse stadene, inkludert Lillestrøm, er funksjonelt del av Oslo by. Tettstaden Leirsund, aust i kommunen, strekker seg inn i nabokommunen Sørum.
Den 1. januar 2020 var Skedsmo slegen saman med Fet og Sørum kommunar til nye Lillestrøm kommune.[1]