Skåp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skåp eller skap er anten eit avlukke med dør på eller i veggar i eit hus, eller ein frittståande møbel som kan lukkast med dør. Meininga med skåp er å take vare på gjenstandar, tøy, klede og anna, eller noko av husets tekniske innstallasjonar, ved å lukke dei inne på eit vis som verner dei mot ytre påverknader, støv og anna. Skåp som er utforma som ein møbel, har òg den funksjonen å vere ein prynad i rommet det står i.
Døme på skåp er garderobeskåp for tøy og klede, kjøkenskåp for kjøkenutstyr, gryter, panner og anna, kjøleskåp for å halde matvarer kalde, sikringsskåp for sikringar og andre innretningar som har med det elektriske opplegget i huset å gjere.