From Wikipedia, the free encyclopedia
Slipestein er ein skiveforma stein som vert nytta for å kvessa reiskap som knivar, økser, ljå, sigd og liknande. Han vert òg nytta for å kvessa snikkarverktøy med.
Slipesteinar vert lage av sandstein, som vert dreia til ei skive med diameter frå 50 til 130 cm og med ei breidd på 10 - 12 cm. Slipesteinane vart leverte med eit firkanta hòl i midten, der det vart plassert ein aksling av tre eller jarn. På den eine enden av akslingen er det ei sveiv eller ei reimskive.
Før i tida stod det alltid ein slipestein i tunet og i slåttonna og skuronna var det ofte ungane som fekk dra slipesteinen. I heite sumardagar når kleggen beit som verst var ikkje den jobben alltid ettertrakta. Etter at det vart bygd kraftverk rundt om i landet kjøpte nokre elektrisk motor til slipesteinen.
Slipesteinar lagar ei litt rufsete egg på reiskapen, som vert fjerna med eit bryne, om det er reiskap som ljå eller sigd, og ei hein om det er ein kniv, ei høveltong eller liknande.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.