Sluse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sluse
Remove ads
Remove ads

Ei sluse er eit byggverk i ei elv eller ein kanal med fleire slusekammer som gjer det mogleg å heve eller lægje eit fartøy frå ei vasshøgd til ei anna slik at skip og båtar kan gå over høgdedrag, gjennom stryk eller forbi dammar utan lange omvegar.

Thumb
Skip på veg inn i ei trappesluse i Panamakanalen. Ei sluse har kammer og sluseportar.

Rundt om i verda er det mange kanalar med slusesystem, mellom anna den eldgamle Keisarkanalen i Kina, Panamakanalen, Volga og Göta kanal.

Thumb
Vrangfoss sluser i Telemarkskanalen

Det er også sluser fleire stader i Noreg:

  • Sootkanalen i Eidskog kommune vart bygd som den første slusekanal i Noreg (1849) for frakt av tømmer motstraums slik at tømmeret kunne komme over i Haldenvassdraget. Også fleire andre sluser og kanalar vart bygd for å lette transporten i dette vassdraget.
  • Norsjø-Skienkanalen, som knyter i hop Norsjø med Skienselva og havet, har ei løftehøgde på 15 meter fordelt på to slusesystem (Løveid sluse ved Skotfoss og Skien sluse). Den stod ferdig i 1861, og utgjer nedre del av Telemarkskanalen.
Remove ads

Ein pram i ei sluse

Thumb
Fotoserie som synar ein pram som i foto 1, 2 og 3 seglar inn i slusa gjennom den opne porten nedstraums. På foto 4 og 5 er sluseportane i båe endar av slusa stengde, slusa vert fylt med vatn frå kanalen oppstraums for slusa, og prammen stig etter kvart til dette nivået. Deretter kan porten oppstraums opnast, og prammen segle vidare.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads