![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/69/Hesje.jpg/640px-Hesje.jpg&w=640&q=50)
Slåttonn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slåttonn eller høyonn er ei onn då ein slår og klargjer graset til vinterfôr. I tidlegare tider vart graset slege, tørka og køyrt inn over eit lengre tidsrom. I dag er det vanlegare å samla slått gras i silo eller rundballar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/69/Hesje.jpg/640px-Hesje.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/Skivesl%C3%A5maskin.jpg/640px-Skivesl%C3%A5maskin.jpg)
Slåtten blir halden om lag midt på sumaren, eller ein kan slå graset to gonger — førsteslåtten ein gong tidleg på sumaren, og andreslåtten på seinsumaren.
Høyonn viser til slått der ein tørkar gras til høy, medan siloslått viser til at ein legg det i silo.