Sommar-OL 1896
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sommar-OL 1896, offisielt Dei 1. olympiske sommarleikane, vart halde i Aten i Hellas. Dette var dei 1. olympiske leikane som vart haldne i moderne tid, etter at Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) vart stifta i 1894. Grekarane hadde lita erfaring med å arrangera store idrettsstemne, og mangla òg pengar i byrjinga, men dei fekk til slutt alt klårt i tide for leikane.
Dei 1. olympiske sommarleikane | ||||
Framsida til rapporten frå leikane. | ||||
Vertsby | Aten i Hellas | |||
Nasjonar | 14 | |||
Øvingar | 43 | |||
Idrettsgreiner | 9 | |||
Opna | 25. marsjul./ 6. april 1896greg., av Georg I av Hellas | |||
Avslutta | 3. apriljul./ 15. april 1896greg. | |||
Utøvarar | ||||
---|---|---|---|---|
Menn | 241 | |||
Kvinner | 0 | |||
Totalt | 241 | |||
Dei olympiske sommarleikane | ||||
|
Etter leikane vart føregangsmannen Pierre de Coubertin og IOK bedne av fleire, mellom anna kong Georg I av Hellas og fleire amerikanske utøvarar, om at OL alltid måtte haldast i Aten. Men sommar-OL i 1900 var allereie tildelt Paris, og det skulle gå 108 år før Aten att vart vertsby for leikane i 2004. Hellas arrangerte likevel leikane i 1906, men desse er ikkje offisielt anerkjend av IOK.