St Agnes i Scillyøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
St Agnes (kornisk Aganas) er den sørlegaste av dei busette øyane i Scillyøyane i England.
St Agnes | |
---|---|
Fyret på St Agnes | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 49.8911°N 6.3427°W / 49.8911; -6.3427 |
Øygruppe | Scillyøyane
|
Areal | 1,48 km²
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Cornwall
|
Demografi | |
Folketal | 73 (2001) |
Folketettleik | 49 /km² |
St. Agnes er knytt til øya Gugh ved ein tombolo, ein slags sandbanke, kalla Gugh Bar. Denne er berre synleg ved lågvatn. Dei to øyane har i lag den minste folkesetnaden av dei busette øyane i Scilløyane. St. Agnes hadde 73 innbyggjarar i 2001 og eit areal på 148 hektar.
I tidlegare tider dreiv mange av mennene på St Agnes med losverksemd og losa transatlantiske linjeskip og andre fartøy gjennom Den engelske kanalen. I dag er hovudnæringa turisme, samt noko laukdyrking. St Agnes er den einaste av dei busette øyane i Scilløyane (i lag med Gugh) utan hotell. Det ligg derimot nokre hytter som kan leigast. Her finst òg ein pub, The Turk's Head, og ein kafe.
Dei fleste innbyggjarane bur nord og sentralt på øya. Sørsida av øya er dekt av lyngheiar.