St Michael's Mount
From Wikipedia, the free encyclopedia
St Michael's Mount (kornisk Karrek Loos y'n Koos) er ei tidvassøy som ligg 366 meter ut i Mount's Bay i Cornwall i England. Det går ei vegfylling inn til byen Marazion, som er mogeleg å nytte ved lågt tidvatn. Øya består av skifer og granitt. På toppen av øya ligg ei festning, i dag eit slott og bustad for den lokale baronen. Festninga var opphavleg kanskje ein klosterbygning.
St Michael's Mount | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
St Michael's Mount 50.116936°N 5.477967°W / 50.116936; -5.477967 | |||
Wikimedia Commons: St Michael's Mount | |||
Det korniske namnet tyder bokstaveleg «det grå berget i skogen» og kan bestå av eit folkeminne frå ei tid før Mount's Bay vart oversvømd. Det korniske namnet ville vere ei nøyaktig skildring av plasseringa til klippa i eit skogland. Ein kan sjå spor av tre på strendene ved Perranuthnoe ved fjøre sjø etter uvêr. Det korniske segna om Lyonesse, eit oldtidskongedøme som etter sigande skal ha strekt seg frå Penwith og mot Scillyøyane nemner òg at landet skal ha vorte overflauma av havet.
Historisk sett var St Michael's Mount ein kornisk motpart til Mont Saint Michel i Normandie i dagens Frankrike. Lokalt vert øya berre kalla «the Mount».