![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Star_Trek_Classic_logo.png/640px-Star_Trek_Classic_logo.png&w=640&q=50)
Star Trek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Star Trek er ei science fiction-verd frå fjernsyn og film, skapa av Gene Roddenberry i 1966. Star Trek skildrar ei optimistisk, nesten utopisk framtid der menneska har overvunne sjukdom, rasisme, fattigdom, intoleranse og krig på jorda. I Star Trek-universet har menneska utvikla teknologi for reiser raskare enn lyset, såkalla warp-drives. Med denne teknologien reiser ein rundt i universet for å oppdage nye sivilisasjonar og for å skape fred og forsoning mellom dei ulike rasane. Originalserien vart stansa i 1969, men fansen nekta å late serien døy. Sidan den gong har det vorte produsert 6 fjernsynsseriar og 11 kinofilmar. Skaparen av Star Trek, Gene Roddenberry, døydde i 1991 medan innspelinga av Next Generation-serien var i sin fjerde sesong.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Star_Trek_Classic_logo.png/640px-Star_Trek_Classic_logo.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/Spaceship_airborn_right.jpg/640px-Spaceship_airborn_right.jpg)