Steve Jobs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Steven Paul Jobs (fødd 24. februar 1955 i San Francisco, død 5. oktober 2011 i California) var ein amerikansk dataentreprenør og oppfinnar. Han var administrerande direktør for Apple Computer og administrerande direktør/styreleiar for Pixar Animation Studios.
Kjappe fakta
Steve Jobs | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. februar 1955 San Francisco |
Død |
5. oktober 2011 (56 år) |
Yrke | gründer, oppfinnar, designar, informatikar, ansvarlig produsent, filmprodusent, investor |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Religion | buddhisme, Zenbuddhisme |
Far | Abdulfattah Jandali |
Mor | Joanne Carole Schieble Simpson |
Ektefelle | Laurene Powell Jobs |
Partnar | Chrisann Brennan |
Nettstad | https://www.apple.com/stevejobs |
Steve Jobs på Commons |
Lukk
Jobs er mest kjend for å ha grunnlagt (saman med Steve Wozniak) Apple Computer. Han er òg rekna som ein av dei store pionerane innan dataindustrien, og var den fyrste til å sjå det kommersielle potensialet i det grafiske brukargrensesnittet og musa, noko som førte til at Apple Computer hadde stor suksess med datamaskina Apple Macintosh.