![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Handmade_soap.jpg/640px-Handmade_soap.jpg&w=640&q=50)
Såpe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Såpe er ulike reingjeringsmiddel sett saman av feittsyrer og eit sterkt alkalisk stoff, eventuelt tilsett lukt-, farge- eller andre stoff. Såper kan løysast i vatn og brukast til personleg hygiene, reingjering av ting og område, klesvask, oppvask og anna. Dei kan også brukast i tekstilindustri og i smørjemiddel.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Handmade_soap.jpg/640px-Handmade_soap.jpg)
Ei såpe løyst i vatn er ein surfaktant som bryt overflatespenninga til vatnet, og ein emulgator som kan løysa opp feitt og skit som er lite løyseleg i vatn. Såpemolekyla har ein lipofil eller hydrofob del som bind seg til feittet, og ein hydrofil del som bind seg til vatnet. Såpestoffet kan difor dannar miceller som omslutter feittet, og gjer det lett å gni eller skylla vekk. Såpa kan også danna bobler (skum) der veggane er danna av to lag såpe med eit lag vatn imellom, og fanga luft inst.