Tømmerrenne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tømmerrenne, òg kalla fløytingsrenne, er ei vassrenne nytta til tømmerfløyting, det vil seie å transportere tømmer (turka trestammar) ved å la tømmeret flyte i rennande vatn. Ei tømmerrenne kan vere av treverk, metall eller mur, og bygd for å fløyte laus-tømmer over strekningar der naturlege elvar og vatn ikkje kan nyttast, til dømes forbi stryk, fossar eller vasskraftverk og andre hindringar i fløytingselva, eller for å føre tømmeret frå eit vassdrag over i eit anna. Det var òg vanleg å laga ei tømmerrenne frå fløytingselva og inn på sagbruket som skulle take mot tømmeret. I dag er tømmerfløytinga erstatta av transport med lastebilar og jarnbane.
For at ei tømmerrenne skulle fungere, måtte renna ha tilstrekkeleg fall og nok vatn. Fløytingsdammar for å samle opp vatn og sleppe det ut i renna under fløytinga vart difor bygde på høvelege stader i terrenget, på same vis som fløytingsdammer òg vart bygde for å skaffe nok vatn i små elvar og vassdrag i den årlege tømmerfløytingsperioden.