From Wikipedia, the free encyclopedia
Tamanghasset (arabisk ولاية تمنراست ) eller Tamanrasset, òg kalla Tamenghest (på tamazightisk) er ein by med 76 000 innbyggarar i Sør-Algerie. Tamanghasset er hovudstaden i provinsen Wilaya de Tamanrasset. Byen ligg 1400 meter over havet i fjellkjeda Hoggar, på 22° 47' nordleg breiddegrad og 5° 31' austleg lengdegrad.[2]
Tamanghasset | |||
by | |||
Land | Algerie | ||
---|---|---|---|
Areal | 37 713 km² | ||
Folketal | 92 635 (2008)[1] | ||
Tamanghasset 22.785°N 5.5227777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Tamanrasset | |||
Under fransk okkupasjon av Algerie, frå 1830 til 1962, var Tamanghasset ein garnisonsby. Tamanghasset, som er den største Tuareg-byen, er eit populært turistmål og i åra før borgarkrigen i Algerie var Tamanghasset eit populært reisemål for dei som ynskte ein eksotisk ferie. Det er godt utval av overnattings- og serveringsplassar og kvar ettermiddag er det marknad. Rundt byen er det store ørkenområde og Hoggarfjella ligg i nærleiken, som er restar etter utdøydde vulkanar med høgder på litt under 3000 meter. Byen har òg ein forskningsstasjon.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.