From Wikipedia, the free encyclopedia
Tarimbekkenet er eit endorheisk nedslagsfelt i den kinesiske autonome regionen Xinjiang. Det ligg heilt vest i Kina, like nord for Tibetplatået, og dekkjer rundt 1 020 000 km².[1]
Tarimbekkenet er eit av dei største endorheiske bekkena i verda. Dei sentrale delane er ei tørr slette danna av avleiringar og innsjøsediment og er omgjevne av dei massive fjellkjedene Tien Shan, Kunlun og Pamir. Dette er den tørraste regionen i heile Eurasia. Ein stor del av området er dominert av sandørkenen Taklamakan på 270 000 km². I tillegg er det fleire mindre sandmassiv på mellom 780 og 4 400 km². Sanddyner er det dominerande landskapstrekket.[treng kjelde]
Nedbøren i Tarimbekkenet er ekstremt sparsam, og nokre år er det ingen nedbør i det heile. I Taklamakanørkenen og i Lop Nor-bekkenet er den gjennomsnittlege årsnedbøren på rundt 12 mm. Ved foten av fjella og i fleire andre område i elvebekkenet når nedbøren opp i 50 til 100 mm årlig. I Tien Shan er det mykje våtare, med årsnedbør som ofte går over 500 mm. Maksimumstemperaturane i Tarimbekkenet ligg rundt 40 °C.[treng kjelde]
Tarimbekkenet har det lågaste punktet sitt ved Lop Nor, ein saltrik myrlendt depresjon i austre del av området. Tarimelva, den største elva i bekkenet, hadde tidlegare utløp i Lop Nor, men vekkleiing av vatn til irrigasjon gjer at ho no ender 150 km lenger vest. Lop Nor var tidlegare også staden Kina utførte atomprøvesprengingar.[treng kjelde]
Ein reknar med at området har store reservar av olje og naturgass. Det er allereie utvinningsprosjekt i gang i dei sentrale delane av Taklamakan.[treng kjelde]
Tarimbekkenet har ein spreidd folkesetnad av uighurar og andre sentralasiatiske folkeslag som kasakar, kirgisarar, tadsjikar og mongolar.[2] Uighurane er den største folkegruppa,[3] og utgjer majoriteten i byar som Kashgar, Artush og Hotan. Det bur også ein stor del han-kinesarar i området, mange av dei nokså nylege innflyttarar frå andre delar av Kina.
I tidlegare tider blei tokariske språk som no er utdøydd tala i Tarimbekkenet. Dette var dei austlegaste av dei indoeuropeiske språka.
Det kinesiske namnet Yuezhi (eller Yüeh-Chih) viste til eit sentralasiatisk folk som holdt til i det nåværende Gansu. Då dei blei overvunne av xiongnufolket drog dei vestover mot Tarimbekkenet og deretter sørover, og skipa Kushanriket i nordlege India.
Kinesarane, leia av general Ban Chao (32-102 e.Kr.), klarte å ta kontrollen over Tarimbekkenet frå xiongnufolket ved slutten av det første hundreåret e.Kr.[4]
Kushanarane ekspanderte tilbake til Tarimbekkenet i løpet av det 1. og 2. hundreåret. Dei skipa eit kongedøme i Kashgar, og kjempa mot nomadar og kinesarar om å dominera området. Dei innførte brahmiskrift, eit indisk prakritspråk for administrasjon, og buddhismen. Kushanarane spelte ei viktig rolle i innføringa av buddhismen til Aust-Asia langs Silkevegen.
Frå seint 700-tal til 800-talet kjempa det kinesiske Tang-dynastiet mot rivaliserande Tibetanarriket om makta over området.[5][6] Tidleg på 1000-talet kom det under muslimsk tyrkisk kontroll i form av Kara-Khanid-khanatet, noko som førte til tyrkifisering av regionen og ein religiøs overgang frå buddhisme til islam.[7][8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.