![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/Cross_Templar.svg/langnn-640px-Cross_Templar.svg.png&w=640&q=50)
Tempelriddarordenen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tempelriddarordenen var ein kristen munkeorden med militære funksjonar som blei oppretta under krosstoga, danna i 1119 for å verna pilegrimar i Det heilage landet. Grunnleggjarane var ni franske riddarar leia av Hugyens De Paynes og Geoffrey St Omar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/15/Godefrey_of_Bouillon.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/Cross_Templar.svg/640px-Cross_Templar.svg.png)
Tempelriddarordenen var ein av dei tre store riddarordenane under krosstogstida, dei andre to var johannitterordenen og den tyske riddarordenen. Trass i at det fulle namnet til tempelriddarane var Dei fattige riddarane av Salomons tempel samla dei store rikdommar, noko som skulle føra til enden på ordenen.
Ordenen utvikla ein effektiv administrasjon med eit internasjonalt nettverk av festningar og regelmessige væpna transportar. Han blei difor raskt teken i bruk til å ta vare på og transportera pengar og andre verdisaker. I tillegg lånte han ut pengar til kongar og andre mektige folk.