From Wikipedia, the free encyclopedia
Den termohaline sirkulasjonen (også kalla «det store transportbandet», engelsk the great ocean conveyor belt) er ei oseanografisk nemning for eit system av havstraumar som bind saman fire av fem verdshav, og som utgjer eit kretsløp med global utstrekking.
Systemet er av termohalin karakter, dvs. at det blir drive av forskjellar i temperatur (termo) og saltinnhald (halin). Kaldt vatn og vatn med stor saltinnhald er tungt, medan varmt som er mindre salthaldig er lettare. Når kaldt vatn søkk ned blir det erstatta av varmare overflatevatn, og då oppstår det ein «pumpeverknad» som set straumane i rørsle.
Golfstraumen, og meir spesifikt den nordatlantiske straumen, er den delen av den termohaline sirkulasjonen som har størst tyding for Nordvest-Europa. I Norskehavet søkk kaldt vatn ned mot havbotnen og strøymer sørover, medan det kalde vatnet blir erstatta av varmt overflatevatn som strøymer nordover frå Mexicogolfen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.