Terroråtaka 11. september 2001
From Wikipedia, the free encyclopedia
Terroråtaka 11. september 2001 var ei rad sjølvmordsåtak mot mål på austkysten av USA som al-Qaida tok på seg skulda for. Fire passasjerfly vart kapra av sjølvmordsaksjonistar, der to av flya vart styrta mot kvart sitt tårn i Verdshandelssenteret i New York og eitt mot The Pentagon. Det fjerde flyet styrta på eit jorde i Pennsylvania etter at passasjerane gjorde oppreist mot kaprarane.
Terroråtaka 11. september 2001 | |
Ein fotomontasje med åtte bilete som syner, frå øvst til nedst, tvillingtårna i brånn, den delen av Pentagon som rasa saman, eksplosjonen då sørtårnet blir råka, ein redningsarbeidar som står i ruinane av dei samanraste tårna, ei gravemaskin som grev fram ein knust jetmotor, og tre stillbilete som syner augneblinken då American Airlines Flight 77 råka Pentagon. | |
Dato | 11. september 2001 |
Tid | 08:46–10:28 (UTC -4) |
Mål | Verdshandelssenteret i New York, Pentagon, Washington, D.C. |
Våpen | Passasjerfly |
Døde | 2 997 |
Skadde | Meir enn 6 000 |
Dei to tårna i New York vart so skadde av åtaka at dei rasa saman innan ein time og 42 minutt. Både treffet til det andre flyet og samanrasinga av tårna vart dekte av sanntidsend fjernsyn. Åtaka drap 2753 menneske i verdshandelssenteret, 184 ved Pentagon og 40 i flystyrten. Åtaka førte dessutan til invasjonen av Afghanistan. 11. september 2001 er ofte rekna som det fyrste viktige tidsskiljet i det 21. hundreåret.