From Wikipedia, the free encyclopedia
The Gentleman's Magazine var eit engelsk tidsskrift skipa i London i 1731 og nedlagt i 1922.
The Gentleman's Magazine | |||
| |||
Oppretta | 1731 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjar | Edward Cave | ||
Nedlagd | 1922 | ||
Språk | engelsk |
Dette var det første som brukte ordet «magasin» - opphavleg eit fransk ord for 'lager' - om eit tidsskrift.[1] Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling som skribent for The Gentleman's Magazine.
Bladet blei skipa av Edward Cave i januar 1731,[2] opphavleg under tittelen The Gentleman's Magazine: or, Trader's monthly intelligencer.
Cave si nyskaping var at det månadlege tidsskriftet hans inneheldt nyheiter og kommentarar knytt til eitkvart emne lesarane hans kunne ha interesse for, frå handelsvareprisar til latinske dikt. Det inneheldt nyskrive innhald frå ein stab av skribentar som bidrog jamleg, i tillegg til lange sitat og utdrag frå andre blad og bøker. Før skipinga av The Gentleman's Magazine hadde ein mest hatt spesialisert blad og spreidde forsøk på meir allmenne blad, som The Gentleman's Journal, redigert av Peter Motteux og gjeve ut frå 1692 til 1694.
Cave redigerte The Gentleman's Magazine under forfattarnamnet «Sylvanus Urban». Bidrag til bladet blei ofte presentert som brev stila til «Mr. Urban».
Framsida av magasinet viste eit bilde av St. John's Gate i Clerkenwell, heimen til Cave og i røynda hovudkontor for magasinet.
Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling ved The Gentleman's Magazine. I eit tidsrom då det var forbode å rapportera frå det britiske parlamentet skreiv Johnson rapportar derfrå med tittelen «Debates of the Senate of Magna Lilliputia». Rapportane reflekterte synspunkta til dei ulike deltakarane, men det dei sa i debattane var hovudsakleg ordlagt av Johnson. Det poetiske namnet «Columbia» brukt om USA blei laga av Johnson og først brukt i bladet i 1738 i ein av desse rapportane.[3][4]
Edward Cave var også ein dyktig forretningsmann som utvikla eit omfattande distribusjonssystem for The Gentleman's Magazine. Bladet blei lese kringom i den engelsktalande verda, og fortsette å gjera det godt gjennom 1700-talet og mykje av 1800-talet. Det byrja gå tilbake på slutten av 1800-talet, og jamleg utgjeving tok slutt i september 1907. Det blei likevel gjeve ut utgåver på fire sider i små opplag frå 1907 til 1922 slik at tidsskriftet framleis kunne seiast å vera på trykk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.