From Wikipedia, the free encyclopedia
Thure Valdemar Lindgren (18. april 1921–2. september 2005) var ein svensk skihoppar som representerte IFK Kiruna og IF Friska Viljor. Han tok sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i Lake Placid i 1950. Lindgren var frå Jukkasjärvi i Norrbottens län, der han også døydde.
Thure Lindgren | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. april 1921 Jukkasjärvi |
Død | 2. september 2005 (84 år) Jukkasjärvi |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1952 |
Lindgren vart svensk meister i skihopping i 1947. I 1949 vann han hopprennet i Svenska skidspelen i Sollefteå. Under verdsmeisterskapen i Lake Placid i 1950 lukkast han vinne sølvmedaljen, eit knapt poeng føre den seinare olympiameisteren Arnfinn Bergmann, men seks poeng bak verdsmeisteren Hans Bjørnstad, begge desse hopparane var frå Noreg.
Han deltok i vinter-OL 1952 i Oslo, men fall i sitt fyrste hopp på 63 meter og vart nummer 40 av 44 deltakarar. Same sesongen kom han på delt fjerdeplass i Lahti-spelen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.