Tjukktarm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tjukktarmen (lat. intestinum crassum) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen. Han er siste delen av tarmane og omfattar endetarmen. Den viktigaste oppgåva til denne tarmen er å ta opp vatn frå tarminnhaldet og driva restavfallet ut av kroppen. Han tek berre opp nokre næringsstoff og bryt ikkje tarminnhaldet meir ned.
Kjappe fakta Klassifikasjonar og ressursar, MeSH ...
Lukk
Hjå menneske byrjar tarmen med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil frå tynntarmen til blindtarmen (cecum). Etter denne kjem sjølve tjukktarmen (colon), som er rundt 1,5 meter lang. Han byrjar på høgre side av livet og går frå blindtarmen til levra, deretter tvers over bukhòla mot milten før han går nedover i bekkenet mot endetarmen (rectum).