kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Toblach (tysk uttale «tå:blaX») eller Dobbiaco (italiensk uttale «dåbiakå») er ein tettstad og ein kommune med i kring 3 300 ibuarar, i Sør-Tirol i det nordlege Italia.
Toblach er den høgstliggjande kommunen i Pustertal, og Toblacher Feld utanfor landsbyen markerer difor vasskilet mellom Middelhavet (dit elva Rienz renn vestover via Etsch) og Svartehavet (Drau austover via Donau). Grunna den naturvakre plasseringa rett nord for Haunold-gruppa i Dolomittane er Toblach eit populært feriemål for både sommar- og vinterturistar.
Området rundt Toblach har vore busett minst sidan jernalderen. Sjølve byen er nemnd fyrste gongen i 827. I mellomalderen profitterte han på handelen mellom Venezia og Augsburg. Ei viktig handelsrute mellom desse to europeiske storbyane gjekk via Höhlensteintal, eit dalføre som munnar ut i Pustertal ved Toblach. På grunn av handelen var Toblach ein av dei tysktalande stadane i Sør-Tirol som hadde eit italiensk stadnamn (eksonym): Både Toblaco og Dobbiaco er dokumenterte former. Sistnemnde vart gjort til den einaste offisielle namneforma etter at Sør-Tirol i 1920 vart lagd under staten Italia. Den tyske forma vart tilléten att etter andre verdskrigen. I fylgje folketeljinga av 2001 var 86 % av folkesetnaden tysktalande. Resten snakka italiensk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.