Tortilla
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tortilla er spansk for 'lita kake', og kan visa til ulike matrettar. I Spania og ein del andre spanskspråklege område kan det visa til ulike typar omelett, men i Sentral-Amerika, Mexico og i store delar av verda elles viser det til eit steikt flatt brød bakt med kveite eller mais. Desse tortillaene blir brukt i kjende retter som taco, enchilada og burrito.
Den spanske uttalen av «tortilla» er [torˈtiʎa] i Europa og [torˈtiʝa] i Mexico. I Noreg uttaler ein ofte namnet slik det er skrive, tortilla, eller tortilja.
- Tortilla de patatas er ei vanleg form av spansk tortilla. Denne er frå Asturia.
- Kveitetortilla.
- Maistortilla med tacofyll.