Trollmann
magibrukar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Trollmann, trollkar eller trollkall er nemningar for ein mann som ein meiner kan utføra trolldom. Den kvinnelege motparten er trollkjerring eller heks. Det finst førestillingar om trollmenn i ei rekkje kulturar, og dei opptrer i ulike roller i litteraturen. Nokre kjende oppdikta trollmenn er mellom anna Merlin i kong Artur-soga, Gwydion frå walisisk mytologi, og Harry Potter i Harry Potter-universet frå moderne litteratur.