Flodbølgje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flodbølgjer er ekstremt store bølgjer som ikkje er forårsaka av vind og straum, men av jordskjelv, ras, vulkanutbrot, meteorittnedslag eller andre kraftige, brå hendingar.
Dei største flodbølgjene vert kalla tsunamiar, frå det japanske ordet hamnebølgje som kom til etter at fiskarar kom heim til fullstendig øydelagde hamner utan at dei sjølv hadde merka noko til flodbølgja. Ein tsunami har nemleg den spesielle eigenskapen at han nesten ikkje gjer frå seg energi i djupt vatn. Tsunamiar har ei bølgjelengd som er stor i forhold til djupna, og kan forplante seg over store avstandar. Tsunamiar flyttar seg med snøggleiken , der er lik 9,83 m/s2, og er djupleiken på den staden flodbølgja startar. Snøggleiken kan koma opp mot nesten 1 000 km/h. Når ein tsunami nærmar seg land, vert han bremsa etter kvart som sjøen grunnar. Inne ved kysten er snøggleiken normalt rundt 100 km/h. Grunnen til at det kan bli så store øydeleggingar, er at volumet av ei flodbølgje er omvendt proporsjonal med snøggleiken, slik at bølgjehøgda aukar sterkt inne ved land.
Tsunamiane skjer oftast i Stillehavet.