From Wikipedia, the free encyclopedia
Delta-klasse ubåt er ei nemning på fire fartøyklasser av ubåtar frå den russiske (og tidlegare sovjetiske) marinen.
Desse strategiske ubåtklassane vart bygde av Sovjetunionen under den kalde krigen. Delta-klassene er i regelen bestykka med ubåtmissil (SLBM), som framleis er russiske andreslagvåpen.
Utviklinga av Projekt 667B Murena byrja i 1965, då Sovjetunionen ville ha ein ubåt som kunne avfyre missil utan å passere SOSUS-feltet i Atlanterhavet.
Murena-M-klassen var ei vidareutvikling av Murena-klassen. Murena-M bygde på same skrogdesign som Murena, med ein viss skilnad. Mellom anna hadde ein auka lengda på ubåten med 16 meter for å få plass til fire missilrøyr til.
Kalmar-klassen var eit stort steg fram for den sovjetiske stridsmakta. Dette var den første ubåten som kunne avfyra alla missila på ein gong. Desse missila var òg dei første til å bere meir enn eit stridshovud (MIRV).
Delta IV-klasse ubåt er den fjerde og siste av Delta-klassen. Utviklinga starta seint på 1970-talet, og i åra 1985–1992 var sju stykker levert til sovjetmarinen. Denne hadde ei ny type propell med fem blad og kunne fara stillare fram under vassflata.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.