From Wikipedia, the free encyclopedia
Udy eller Uda (russisk Уды, ukrainsk Уда) er ei elv i Belgorod oblast i Russland og Kharkiv oblast i Ukraina og ei av sideelvane til Donets frå høgre.
Udy er 164 km lang og har eit nedslagsfelt på 3894 km². Elva spring ut i nærleiken av landsbyen Bessonovka i Belgorod oblast i Russland. Av busetjingar langs elva finn ein Zolotsjev, byen Kharkiv, Donetskoje, og landsbyane Bezljudovka og Borova.
42 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 8,63 m³/s. Udy munnar ut i Donets 825 km frå munningen hennar. Elva har eit gjennomsnittleg fall på 0,64 meter per kilometer. Udy er svingete og breidda hennar varierer frå 4 til 18 meter, medan djupna varierer frå 0,1 til 0,8 meter. Under vårflaumen er djupna 1,5-2 meter. Om sommaren, opp til 3-4 månader, er den øvre delen av elva ofte tørrlagt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.