Urea
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Urea er eit amid med kjemisk formel CH4N2O. Det vil seia ei organisk sambinding som inneheld nitrogen og ei karbonylgruppe. Sambindinga er òg kjend under namna urinstoff og karbamid. Det systematiske namnet er karbonsyrediamid. Reint urea er eit kvitt, krystallinsk, luktfritt stoff.