From Wikipedia, the free encyclopedia
Uskedalen, eller Uskedal, er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Staden har 746 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, sørvest på Folgefonnhalvøya, mellom Rosendal og Husnes. Riksveg 48 går gjennom staden.
Uskedalen | |||
tettstad | |||
Frå hamna i Uskedalen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Areal | 0,77 km² | ||
Folketal | 746 (2023) | ||
Folketettleik | 969 / km² | ||
Postnummer | 5463 USKEDALEN | ||
Uskedalen 59.9333°N 5.86667°E | |||
Wikimedia Commons: Uskedalen | |||
I Uskedalen er det campingplass og gjestehamn. Uskedalselva er rekna som ei god aureelv.
Etter krigsutbrotet vart dei fleste vernepliktige frå Kvinnherad natt til 10.april sende til Voss som eit ledd i mobiliseringa, og seinare vart dei overførte til kampane i Valdres. Men på grunn av staden sin strategiske plassering, kom det til trefningar i Uskedalen òg. Grunnen var at fem norske vakt- og torpedobåtar samla seg i ly av øya Skorpo i eit forsøk på å halde den tyske invasjonsstyrken ute av Hardangerfjorden lengst mogeleg. Kanonane frå båtane vart sett opp på lastebilsplan, og skyttarlagsfolk frå kommunen vart samla i Uskedalen for å møta det tyske åtaket som måtte komma.
Etter trefningar ute i fjorden der ein av dei norske båtane vart søkt ved Ånhuglo, kom det ei samling på 10-12 tyske båtar frå Bergen for å slå ned motstanden. Soldatar vart landsette på kvar side av Uskedalen, i Herøysund og Dimmelsvik, samstundes med at både dei norske båtane og landstillingane vart skotne på av marinefartøya. Etter ei kort trefning måtte skyttarlagsmannskapet trekkja seg tilbake i lag med norske marinegastar som hadde redda seg i land. Dei fór opp på Hauglandsfjellet der dei skilde lag; kvinnheringane fór heim til sitt, medan marinegastane tok vegen over til Matre. Dei norske fartøya måtte gje seg for overmakta. Dei båtane som ikkje hadde vore søkte, vart tekne i varetekt og førte til Bergen. Nokre av det norske mannskapet som redda seg i land, gøymde seg på Kapteinsgarden. I kjellaren her låg òg folk frå det britiske konsulatet gøymd under kampane.
Kampane i Uskedalen 18.april let ikkje andre merke igjen etter seg enn det sundskotne koret på kyrkja frå 1914, og kulehola i Kapteinsgården. Ser ein bort frå handlingane på Sunde, tyske marinefartøy som av og til låg til kai i Herøysundet, og eit sandtak i Rosendal som tyskarane dreiv ved hjelp av straffanger, var det heller sjeldsynt å sjå tyske soldatar i Kvinnherad etter trefningane i Uskedalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.