Uto-aztekiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Uto-aztekiske språk er ein amerikansk indiansk språkfamilie. Han er ein av dei største (både i geografisk utbreiing og mengd språk) språkfamiliane i Amerika. Språk i denne familien finn ein frå Great Basin i det vestlege USA (Oregon, Idaho, Utah, California, Nevada, Arizona) og ned til Mexico. Delstaten Utah har fått namnet sitt frå det uto-aztekiske ute-folket. Klassisk nahuatl, som var aztekarane sitt språk, og moderne nahuatl høyrer til språkfamilen.