Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius, ei enke etter ein prest i Den norske kyrkja. I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodoksekyrkjelyden heilage Olga, som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke.
I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude. Nokre få år etter, i 1911, var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det mogleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.
Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinrammer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.
Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedømme sine kontor, bustader og domkyrkje. Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene. Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.
På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.
Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.