VM i alpine greiner 2017
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den 44. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 6. til 19. februar 2017 i St. Moritz i kantonen Graubünden i Sveits. Meisterskapen omfatta 11 tevlingar. Både menn og kvinner tevla kvar i fem individuelle øvingar, medan i ei lagtevling deltok to utøvarar frå begge kjønn på dei ulike laga. Det var fjerde gongen den alpine ski-verdsmeisterskapen vart arrangert i St. Moritz, sist i 2003.
589 deltakarar frå 77 land var påmelde til meisterskapen. Noregs tropp, som bestod av sju menn og seks kvinner, sikra seg ein sølvmedalje ved Kjetil Jansrud i super-G og ein bronse ved Leif Kristian Haugen i storslalåm. Henrik Kristoffersen og Aleksander Kilde kom begge på fjerdeplass i to ulike øvingar, medan Ragnhild Mowinckel var beste norske kvinne med sin sjetteplass i super-G.
Austerrikaren Marcel Hirscher med to gullmedaljar og ein sølv, og dobbelt gullvinnar Tessa Worley frå Frankrike var dei fremste utøvarane i meisterskapen.