VM i fotball 1950
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i fotball 1950 vart avvikla i seks byar i Brasil i tida frå 24. juni til 16. juli 1950. Uruguay vart verdsmeister for andre gong etter å ha sanka flest poeng i finalerunda mellom dei fire landa som vann kvar sitt gruppespel. Meisterskapen, den fyrste sidan 1938, er den einaste som ikkje har vorte avvikla med finale.
13 land deltok i meisterskapen, fordelt på fire innleiingsgrupper med høvesvis fire, fire, tre og to lag. Brasil og Spania vann dei to gruppene med fire lag, Sverige den eine med tre lag, medan Uruguay gjekk vidare til finalerunda etter å ha slått Bolivia 8-0. I finalerunda stod Brasil med fire poeng og Uruguay før den avgjerande kampen, deira innbyrdes oppgjer på Maracanã stadion i Rio de Janeiro den 16. juli. Framfor 199 854 tilskodarar, det høgste registrerte tilskodartalet på ein fotballkamp, sende høgrevengen Albino Friaça vertslandet i føringa to minuttar ut i den andre omgangen. Juan Alberto Schiaffino utlikna for Uruguay i det 66. minutt. 13 minuttar seinare syrgde Uruguays Alcides Ghiggia med eit lågt skot i det høgre hjørnet for at det vart stille på tribunane. Då dommaren George Reader frå England bles i fløyta for full tid, forlet nær 200 000 sorgtyngde brasilianarar Maracanã. Samstundes kunne Sveriges lag på Pacaembu stadion i Sao Paulo juble for bronse etter siger 3-1 over Spania.