VM i fotball 1954
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i fotball 1954 vart avvikla i seks byar i Sveits i tida frå 16. juni til 6. juli 1954. Vest-Tyskland vart verdsmeister etter å ha vunne med 3-2 over favorittane Ungarn i finalen.
16 land deltok i meisterskapen, fordelt på fire innleiingsgrupper. I gruppespelet vart det ikkje spelt meir enn fire kampar, då dei to høgst rangerte laga slapp å møte einannan (og dermed også dei to lågast rangerte laga). Lag med lik poengsum etter gruppespelet møttest til omkamp før ein vart klart for kvartfinalane. Brasil, Ungarn, Uruguay og England vart gruppevinnarar. Også Jugoslavia, Austerrike, Vest-Tyskland og Sveits tok seg vidare, dei to siste etter omkampar.
I kvartfinalane vann Austerrike med 7-5 over Sveits. Uruguay, Vest-Tyskland og Ungarn gjekk alle til semifinalane etter tomålssigrar. Vest-Tyskland feia Austerrike av bana med 6-1 i semifinalen i Basel, medan oppgjeret mellom Uruguay og Ungarn i Lausanne vart jamnt. Fyrst etter to mål av Sándor Kocsis i 2. ekstraomgang var Ungarn klar for finalen. Han vart elles toppskårar i turneringa med sine rekordmange 11 nettkjenningar. Bronsefinalen i Zürich 3. juli enda med siger 3-1 til Austerrike over Uruguay.