Valdres tingrett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Valdres tingrett er ein førsteinstansdomstol under Eidsivating lagdømme, og ligg på Fagernes i Oppland fylke. Domssoknet er identisk med distriktet Valdres, det vil seie kommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre. Domstolen består av sorenskrivar Pål Prestesæter og éin dommarfullmektig.