![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Saint_Basil%2527s_Cathedral_in_Moscow.jpg/640px-Saint_Basil%2527s_Cathedral_in_Moscow.jpg&w=640&q=50)
Vasilijkatedralen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vasilij-katedralen (russisk Собор Василия Блаженного, Sobor Vasilija Blazjennogo) er ei russisk kyrkje som ligg mellom Den raude plassen og Moskvaelva i Moskva i Russland. Katedralen ligg like ved Kreml og er eit av dei mest kjende landemerka i heile Russland. Det offisielle namnet på kyrkja er Maria beskyttelseskatedral ved vollgrava (russisk Покровский Собор что на Рву, Pokrovskij Sobor tsjto na Rvu). Vasilij-namnet kjem frå ein russisk helgen som levde på 1500-talet. Han vart gravlagd like ved katedralen. I 1588 vart det reist eit lite kapell over grava hans, vegg i vegg med katedralen. Etter kvart gjekk folk over til å kalle heile bygningen for Vasilij-katedralen og i dag vert det offisielle namnet berre nytta i formelle samanhengar.
Vasilijkatedralen | |||
![]() | |||
Arkitekt | Postnik Yakovlev | ||
---|---|---|---|
Stil | Russian architecture | ||
![]() Vasilijkatedralen 55.7525°N 37.623055555556°E / 55.7525; 37.623055555556 |
Vasilij-katedralen skil seg frå dei fleste andre kyrkjebygg med dei fargerike utvendige laukkuplane. Innvendig skil bygningen seg òg frå dei fleste andre kyrkjebygg, og i staden for eit stort kyrkjerom består han av ein labyrint av tronge gongar med fleire små kapell innimellom. Alt i alt inneheld kyrkja ti kapell, kvar med sin eigen kuppel over, som ein kan sjå frå utsida.