From Wikipedia, the free encyclopedia
Vasskrinslaupet, eller den hydrologiske syklusen, er den kontinuerlege rørsla vatn har i jordatmosfæren. Denne vert driven av solenergien og er nødvendig for alt liv på jorda. Når vatnet flyttar seg gjennom krinslaupet vekslar det mellom fasane flytande, fast stoff og gass. Vatnet flyttar seg frå vasslager til vasslager, til dømes frå elv til hav, gjennom prosessane fordamping, nedbør, infiltrasjon, avrenning og underjordisk vasstraum.
Vasskrinslaupet er den kontinuerlege syklusen til vatn over, på og under jordoverflata. Drivkrafta er solenergi, og fordi det er ein syklus har krinslaupet inga byrjing eller slutt. På vegen gjennom krinslaupet vekslar vatnet mellom å vere i væskeform (vatn), fast form (is) og gassform (vassdamp). Tida det tar for eit vassmolekyl å gå frå eitt punkt i krinslaupet til eit anna kan variere frå sekund til tusenvis av år. Sjølv om vatnet er i konstant rørsle vert den totale mengda vatn i krinslaupet for å vere så godt som konstant.
Rørsla av vatnet skjer gjennom fleire forskjellige fysiske og biofysiske prosessar. Dei to prosessane som flyttar mest vatn er nedbør og fordamping. Desse flyttar om lag 505 000 km³ vatn kvart år. Elvar transporterer middels mykje vatn og sublimasjon av is direkte til vassdamp står for veldig lite transport relativt sett. Her følgjer ei oversikt over dei forskjellige prosessane.
Med vasslaget i samband med vasskrinslaupet meiner ein vatnet som finn seg i dei forskjellige punkta i syklusen. Det største lageret er havet, der 97 % av vatnet på jorda er. Det nest største lageret, med 2 %, er vatn i fast form på polane og forskjellige isbrear. Vatnet som finn seg i alle levande organismar er det minste vasslageret.
Vasslager | Gjennomsnittleg tid |
---|---|
Havet | 3 200 år |
Isbrear | 20 til 100 år |
Sesongavhengig snødekke | 2 til 6 månader |
Jordfukt | 1 til 2 månader |
Grunnvatn: grunt | 100 til 200 år |
Grunnvatn: djupt | 10 000 år |
Innsjøar | 50 til 100 år |
Elvar | 2 til 6 månader |
Atmosfæren | 9 dagar |
Med tida i vasslagra meiner enn den gjennomsnittlege tida eit vassmolekyl vil halde seg i dette lageret (sjå tabellen). Det er eit mål på gjennomsnittsalderen på vatnet i lageret, men det må reknast med at noko av vatnet vil vere der mykje kortare og noko mykje lengre.
Grunnvatn kan halde seg 10 000 år under overflata på jorda. Spesielt gamalt vatn vert kalla fossilt vatn. Vatn som er lagra som fukt i jorda vert verande der ganske kort tid sidan det er spreidd tynt ut over heile landjorda og er utsett for fordamping, transpirasjon, avrenning og grunnvassinfiltrasjon. Etter at det fordampar vert vatnet i atmosfæren om lag 9 dagar før det kondenserer og fell ned til jordoverflata som nedbør.
I det siste hundreåret har vasskrinslaupet vorte meir intenst[4], med ein auke i både fordamping og nedbør. Dette er eit utslag av den globale oppvarminga, sidan varmare luft kan halde på meir vassdamp, og derfor aukar fordampinga.[5]
Isbreane sin tilbaketrekking er òg eit døme på at vasskrinslaupet endrar seg. Tilgangen av vatn gjennom nedbør klarar ikkje å halde tritt med vasstapet gjennom sublimasjon og snøsmelting. Sidan 1850 har tilbaketrekkinga av isbreane i verda vore stor.[6]
Menneskelege aktivitetar som kan endre vasskrinslaupet kan vere:
Vasskrinslaupet vert drive av solenergi. 86 % av den globale fordampinga skjer frå hava, og fordampinga reduserer temperaturen der. Utan den avkjølande effekten som fordamping gjev ville drivhuseffekten ført til mykje høgare temperaturar, opp mot 67 °C, og ein mykje varmare planet.[7]
Mesteparten av solenergien varmar opp hava i dei tropiske stroka. Derfrå stig vassdampen opp i atmosfæren og vind fører han bort frå tropane. Det meste av denne vassdampen kondenserer til regn i den intertropiske konvergenssona. Dette frigjer latent varme, som igjen medverkar til den atmosfæriske sirkulasjonen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.